Mange meldingar om festbråk

Det har vore ei travel natt for Vest politidistrikt, som har fått inn mange meldingar om festbråk og musikk.

FEST: Natt til søndag har Vest politidistrikt fått mange meldingar om festbråk og høg musikk.   Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Vest politidistrikt melder på Twitter at det natt til søndag har vore mange meldingar om høg musikk og festbråk frå private adresser. Dei fleste av desse meldingane kjem frå Bergen og området rundt.

Politiet skal ikkje hatt moglegheit til å handtere alle meldingane, men fleire festar skal ha blitt avslutta av politiet natt til søndag.

I løpet av natta har Vest politidistrikt ikkje meldt om mange hendingar, men i løpet av natta har det vore to brannar i Askøy og Godvik i Bergen. Vest politidistrikt via Twitter har ikkje meldt frå om noko frå Nordfjord i løpet av natta.