Ein person i Stad har testa positivt

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal har ein person i Stad testa positivt for covid-19.

POSITIVE: Fredag var det to positive prøver etter at Helse Førde analyserte 194 prøver. 

Nyhende

Fredag analyserte Helse Førde 194 prøver, og to av desse prøvene var positive. Dette kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal laurdag morgon. Dei to positive prøvene kjem frå Stad og Sogndal. Ifølgje VG sine tal er det no totalt 31 personar i Stad som har blitt registrert smitta av covid-19.