To nye positive prøver

Torsdag var det to nye positive prøver etter at Helse Førde analyserte 220 prøver.

POSITIVE: Dei siste åtte dagane har fire av 1425 analyserte prøver i Helse Førde vore positive.   Foto: tormod flatebø

Nyhende

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal fredag morgon analyserte helseføretaket 220 prøver torsdag. To av dei var positive. Desse skal vere tatt i Kinn. Helse Førde gjer ein merksam på at kommunen for prøvetaking er ikkje alltid den kommunen som pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.