Innstrammingar i sjølaksefisket

Det er ikkje lenger lov å fiske villaks i kystområda sør for Finnmark. Også fiske med krokgarn blir stansa, opplyser regjeringa.

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) strammar inn sjølaksefisket.   Foto: Berit Roald / NTB / NPK

Nyhende

– Vi har eit unikt mangfald av laksebestandar i Noreg, som vi må ta vare på. I dag er mange av bestandane små og trua. Derfor gjer vi no innstrammingar i sjølaksefisket for å gi villaksen betre vern, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn i ei pressemelding.