Nedstengde teater satsar på direkte strøyming

5000 har strøyma Slåttekar

Då Det Norske Teatret la ut «Slåttekar i himmelen» for strøyming 13. februar var det 5000 menneske som benka seg framfor ein skjerm. No ønskjer det nynorske teateret å halde fram med strøyming også etter korona.

Mange hadde sett fram til dramatiseringa av Edvard Hoem sine bøker om utvandringa til Amerika, men korona sette ein stoppar for mange av framsyningane. No har Det Norske Teatret likevel nådd fram til publikum heime i si eiga stove med heile 5000 direkte strøymingar berre på ein kveld. Dei fire bøkene i slektskrønika Slåttekar i himmelen; Slåttekar i himmelen, Bror min på prærien, Land ingen har sett og Liv andre har levd har hatt eit opplag på eventyrlege 330 000 bøker og vunne ein stor lesarskare.   Foto: Det Norske Teateret

Nyhende

Teateroppsetjinga «Slåttekar i himmelen» skulle bli ei storsatsing for Det Norske Teatret i samproduksjon med Teatret Vårt i Molde i 2020.