Send inn dine bilde til Fjordabladet på mail redaksjon@fjordabladet.no eller olin.yri@fjordabladet.no eller tagg dine bilde med #fjordabladet på Instagram. Merk gjerne bilde med fotograf og ein bildetekst. Fjordabladet takkar alle lesarar som sender inn sine bilde.
LIVET ER BEST UTE: Furuhogane. Foto: views_of_enjoyment
ORIONTÅKA: M42 - ei emisjons- og refleksjonståke hovudsakleg av hydrogengass, - er eit område med stor stjernedanning i stjernebiletet Orion. Me kan sjå føre oss at vår eiga sol vart danna i ei slik tåke ein gong i tida. Tyngdekreftene tek tak når masse møtest og aukar i tettleik. Til slutt klumpar massen seg saman til stjerner og planetar. Oriontåka er gigantisk med 30 lysår i diameter. Etter kvart som stjerner vert danna og tent, vil stjernevinden blåsa bort restane av den nærliggjande tåka. Det vil ta si tid. Vår galakse er ein spiralgalakse med spiralarmar, og me bur i indre del av Orionarmen. M42 er eit område 1500 lysår utanfor oss i vår eigen "heimlege" spiralarm. Synleg for oss strekkjer tåka seg over eit område noko større enn fullmånen, og tåka er synleg med berre augo om du fjernar deg frå det kunstige lysshowet til din nære tettstad som har overflod av straum. Total eksponeringstid er litt over 10 minutt. Foto: tryggve_dyrvikhotmail.com_
TUR: Ein god dag!! Tur til #storevarden byr alltid på god utsikt. Foto: olinesine
FROST: Frostrøyk i båthavna på Eid. Foto: Arne Seljen
SKI: Skitur på Måsekleiva i solbrillevér. Love it. Foto: s_lekang
VINTER: Ervik. Foto: bardingeflode
STEMNING: Flott vinterstemning i Eid. Winter wonderland in Nordfjord. Foto: paalvedvik
MED STRIKK: Stadlandet i vinterprakt. Foto: truderefsnes
RAUDT, KVITT OG BLÅTT: Norge på sitt beste. Foto: tonevereide
PÅ SJØEN: Flott dag på sjøen. Foto: wenche_75
HAKKAR: Naturen hakkar og tenner i kulda 7 febr 2021. Foto: L. Lunde
NÆRTUR: Til dagsturhytta på Naustdalskamben vest for Nordfjordeid. Foto: dorothea2leite
KULDEPERIODE: Frostrøyk på Eidsfjorden 7 febr 2021. Foto: L. Lunde
STOREVARDEN: Tur til Storevarden, Stårheim 13.02.21. Foto: lailaupi