Fjord1 med stabil drift i ei utfordrande tid

Fjord1 omsette for 826 millionar kroner i fjerde kvartal 2020. Det er ein auke på 20 prosent samanlikna med året før.

─ Nye elektriske ferjer har gjort oss til det mest miljøvennlege ferjeselskapet i verda, og elektrisitet utgjer no 40 prosent av energibruken vår., seier administrerande direktør Dagfinn Neteland i Fjord1.   Foto: Fjordabladet

Nyhende

Omsetninga for 2020 er på 3 117 millionar kroner, ein auke på 393 millionar kroner som følgje av ni nye samband som starta opp 1. januar 2020. Resultat før skatt for 2020 er 206 millionar kroner som er ein nedgang på 53 millionar kroner samanlikna med 2019.