Ein er smitta og sett i isloasjon i Stad

Ein ny person er sett i isolasjon i Stad kommune etter påvist smitte med covid-19

Ei positive prøve: Helse Førde analyserte laurdag 97 prøver. Ei prøve, avlagt i Stad, var positiv.  

Nyhende

Helse Førde analyserte laurdag 97 prover ei prøve var positiv. Den positive prøva vart sendt til Helse Førde frå Stad kommune. Personen er nærkontakt til tre personar i same husstand som allereie har fått påvist smitte den siste tida. Heile husstanden har vore i karantene/isolasjon, og det er difor ingen nye nærkontaktar i saka. Smittesporinga er avslutta, opplyser Stad kommune.