Cruisenæringa fortvilar over nullutslepp-kravet

At Stortinget ikkje vil utsetje kravet om nullutslepp i verdsarvfjordane gjer at cruisenæringa ser føre seg at det blir lite cruisetrafikk etter 2026 fordi få skip kan tilfredsstille kravet på så kort tid.

Cruiseskip ved kai i Flåm sommaren 2015.   Foto: Kirsten Offerdal

Nyhende

– Allereie no skal vi begynne å ta imot bestillingar frå cruise for 2026, og no er det ikkje eit einaste skip som har høve til å melde anløp her, seier hamnesjef Tor Mikkel Tokvam i Flåm til NRK.