18 år gamle Malene Lyngmo frå Nordfjordeid har gjort eit tøft val når ho valde yrke som fiskar. No er ho lærling på fabrikktrålaren Langenes. Foto: OLIN MARIA YRI

300 av fiskarane er kvinner – Malene er ein av desse

Som einaste jente er Malene Lyngmo fiskarlærling på den 56 meter lange fabrikktrålaren Langenes. – Det er fleire jenter enn det ein trur i dette yrket, men ein høyrer ikkje så mykje om det. Det er faktisk jenter som jobbar på båt.