300 av fiskarane er kvinner – Malene er ein av desse

Som einaste jente er Malene Lyngmo fiskarlærling på den 56 meter lange fabrikktrålaren Langenes. – Det er fleire jenter enn det ein trur i dette yrket, men ein høyrer ikkje så mykje om det. Det er faktisk jenter som jobbar på båt.

TØFT YRKE: 18 år gamle Malene Lyngmo frå Nordfjordeid har gjort eit tøft val når ho valde yrke som fiskar. No er ho lærling på fabrikktrålaren Langenes.   Foto: OLIN MARIA YRI

Nyhende

Malene Lyngmo (18 år) frå Nordfjordeid er førsteårs fiskarlærling på fabrikktrålaren Langenes, ein 56 meter lang trålar. Før jul var ho på sin aller første tur med Langenes, og nyleg kom ho heim frå sin andre tur på sjøen. Første turen var det Malene og ei til på rundt 25 år som var kvinnelege fiskarar, medan på den siste turen var Malene med som einaste kvinneleg fiskar.