Vestlandsrådet satsar på næringslivet

Dei tre fylkeskommunane på Vestlandet set næringsutvikling på dagsorden og har starta arbeidet med å utforme ein ny næringsstrategi for heile Vestlandet.

EI FELLES STEMME: Ei målsetting med næringsstrategien er å skape ei felles plattform for næringslivet på tvers av fylke og bransjar på Vestlandet (Illustrasjonsfoto: Vestland fylkeskommune). 

Nyhende

- Vi ønskjer å sikre nasjonale rammevilkår for ny vekst og omstilling, og vi vil legge premissar for nasjonal politikk . Det treng vi ein felles strategi for, seier Per Vidar Kjølmoen, fylkesvaraordfører i Møre og Romsdal (Ap) og leiar for styringsgruppa for ny næringsstrategi.