Mistanke om koronasmitte - 14 tilsette og ein pasient i karantene

Ein person med mistanke om mogleg koronasmitte er innlagd på Førde sentralsjukehus. No er 14 tilsette og ein annan innlagd pasient i karantene.

Det er mistanke om at ein innlagd pasient er koronasmitta. Vedkomande var også innlagd ved Førde sentralsjukehus sist veke.   Foto: tormod flatebø

Nyhende

Status:

Ingen nye positive prøver – ein pasient med covid-19 er innlagd

Onsdag var ingen av dei analyserte prøvene i Helse Førde positive.


Ifølgje Helse Førde er ein pasient med mogleg koronasmitte innlagd ved Førde sentralsjukehus. Pasienten vart innlagd onsdag denne veka, men pasienten var også innlagd på sjukehuset i to døgn førre veke.