Regjeringa vil finne Noregs mest attraktive by eller tettstad

Regjeringa ønskjer innspel frå befolkninga for å finne og premiere Noregs mest attraktive by eller tettstad.

Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H) leitar etter Noregs mest attraktive by eller tettstad.   Foto: Terje Pedersen

Nyhende

– Vi treng levande og attraktive lokalsamfunn over heile landet. For å vise fram dei beste døma, vil regjeringa dele ut ein pris til Noregs mest attraktive by eller tettstad, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H).