Kvalt av plast

‒ Eg hadde ei litt fæl oppleving, fortel ein person, som ikkje ønskjer fokus på seg sjølv, men på saka, og det er kva marin forsøpling kan føre til.

  Foto: Privat

Nyhende

Vedkomande fann ein død sel i strandkanten ved ein båt på Skårhaug laurdag føremiddag. Då han såg nærare etter, viste det seg at selen hadde fått ei plasttrakt rundt hovudet og hadde ikkje klart å få den av. Mest truleg har selen blitt kvalt.