Stad-ordførar Alfred Bjørlo om folkeveksten i Stad:

- Ein pangstart for den nye kommunen

Nye tal frå SSB syner at folketalet i Stad kommune auka med 60 innbyggjarar i 2020, frå 9457 til 9517. Stad kommune har dermed passert 9500 innbyggjarar, og er i rute til å nå målet om 10.000 innbyggjarar i 2030.

- Den store folketalsveksten er ein «pangstart» for nye Stad kommune, og eit tydeleg prov på at lang tids arbeid med å legge til rette for vekst og utvikling og skape optimisme og framtidstru i lokalsamfunnet gjev resultat, seier ordførar i Stad, Alfred Bjørlo (V).  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Folketalet i Stad i 4. kvartal 2020 auka med 28 personar. Det er størst folketalsauke av alle kommunar i tidlegare Sogn og Fjordane unnateke Fjaler.