– Litt slik stemning som på kontinentet

– Dette er kjempekjekt. Det er litt slik stemning som på kontinentet. Utruleg kjekt at REKO-ringen har kome hit til Eid. Det gir slike som oss mogelegheit til å selje direkte.

POTETER OG URTER: Miriam Kreisel kjøpte Peik-poteter, medan Pia Vedvik prøver seg på ramsløksalt, urtesmør og eplemost. 

Nyhende

Det seier Guri Haga frå Orheimstunet på Stårheim, som for første gong stilte med produkt i REKO-ringen der eit titals produsentar stod klare til å levere ut kortreiste gardsprodukt. Haga har ulike hønesortar heime på garden og hadde med seg brune og grøne hønseegg og små vaktelegg. Ho fekk så mykje bestillingar at alt ho hadde vart utselt.