Arbeid i elva

Skal hindre erosjon

Måndag føremiddag var entreprenør Mesta AS i sving ute i Eidselva ved Skipenesbrua for å lage større plass til vassføringa.

STØRRE VASSFØING: Entreprenør legg til rette for større vassføring måndag føremiddag.   Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Byggeleiar for nye Skipenes bru, Pål Anders Rindal forklarer at entreprenør no har starta arbeidet med å plastre rundt dei to stålpelane nærast Skipenessida av brua for å hindre erosjon. Dei vil grave med seg fyllinga etter kvart som dette vert utført. Elva vil då få eit større gjennomstrøymingsareal.