Lesarinnlegg

Kampen mot utanforskap krev felles krafttak

Senterpartiet meiner nøkkelen for å hindre utanforskap er langsiktig og aktiv samhandling, og me er klare for eit krafttak mot utanforskap både lokalt, regionalt og nasjonalt.

Alexander Fosse Andersen (Sp) er fylkestingsrepresentant og medlem av utval for opplæring og kompetanse. 

Nyhende

Med eit arbeidsliv som stiller større krav til kompetanse, vert det vanskelegare for dei som manglar utdanning og/eller er utanfor arbeidslivet å kome seg inn på marknaden. Ungt utanforskap er blant dei største utfordringane i Noreg i dag. Tal frå NAV syner at 120 000 personar mellom 20 og 30 år står utan arbeid og skule. Mange fell ut av vidaregåande skule og mange vert uføre. Koronapandemien forsterkar desse utfordringane. Unge vert hardare ramma når økonomien vert stramma inn. For Senterpartiet er det viktig med breidde i tiltak, både tiltak som førebyggjer utanforskap og tilbakeføringstiltak for dei som allereie har falle utanfor.

Ifylgje den nye perspektiveldinga til regjeringa vil det stå færre yrkesaktive bak kvar pensjonist i dei komande tiåra. Det vil utfordre finansieringa av velferdsstaten, og det vert lagt opp til at unge må stå lenger i arbeid om me vil behalde verdsstaten slik me kjenner den. I tillegg vil sjølve arbeidslivet krevje meir av oss. Arbeidslivet i framtida vil trenge fleire faglærte arbeidarar, og det er truleg at dei yrkesaktive stadig må skaffe seg ny kunnskap for å møte nye behov i arbeidslivet. Då er det viktig at me sikrar at flest mogleg får ta del i arbeidslivet no og i framtida.

Vestland fylkeskommune har utarbeidd fleire tiltak spesielt retta mot ungdomar som står utanfor skule eller arbeid. Hyssingen og Hardanger produksjonsskule, SEFF i Florø og studiesenter ved Årstad vidaregåande skule er døme på slike tiltak, og fleire av dei kan vise til gode resultat. Av dei ungdomane som har fullført arbeidskontrakten sin ved produksjonsskulane, har om lag 80 % gått vidare til skule, lære eller arbeid. Dette syner at denne typen tiltak treffer ungdomane og er eit viktig bidrag for å hindre utanforskap. Senterpartiet ynskjer å satse meir på og vidareutvikle denne typen tilbakeføringstiltak, samstundes som det òg vil vere trong for førebyggjande tiltak som skulepsykologar og miljøkoordinatorar.

Skal me lukkast med å inkludere ungdomar er det viktig med tett samarbeid mellom skule, arbeidslivet og helsetenestene. For Senterpartiet er det viktig å styrke dette samarbeidet. Det er òg viktig at lokale, regionale og statlege aktørar samhandlar om førebyggings- og tilbakeføringstiltak. Senterpartiet meiner det er naudsynt med statleg medfinansiering av regionale tilbakeføringstiltak som til dømes produksjonsskulane.

Diskusjonen om ulike tiltak vert fort ein debatt om kostnad og økonomi her og no, men når utrekningar syner at ein 19-åring som står utanfor arbeidslivet fram til fylte 62 år vil koste 15,9 millionar, understrekar det kor viktig det er å tenkje langsiktig og heilskapleg. Utanforskap har ein enorm kostnad for den det gjeld, men det er òg alvorleg for samfunnet. Senterpartiet meiner nøkkelen for å hindre utanforskap er langsiktig og aktiv samhandling, og me er klare for eit krafttak mot utanforskap både lokalt, regionalt og nasjonalt.