Analyserte 40 prøver - alle negative

Helse Førde analyserte 40 prøver søndag, og alle desse var negative. Dei siste åtte dagane har Helse Førde analysert berre negative prøver fem av dagane.

Søndag var det ingen nye positive prøver.   Foto: arkiv

Nyhende

Søndag analyserte Helse Førde 40 prøver og ingen av desse var positive. Det kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal måndag morgon. Laurdag var også alle dei 121 analyserte prøvene negative.