Årsmøtet i 4H Sogn og Fjordane vart gjennomført sundag 14.februar, og representantar frå 20 klubbar stilte med stort engasjement.
─ Vi er så imponert over at medlemmar frå 10 år og oppover stiller opp og engasjerer seg. No har klubbane blitt vandt til det digitale i det daglege klubbarbeidet grunna Covid-19. Men på tross av det, så har vi i fylkesstyre sett at klubbane likevel har hatt god aktivitet, seier Eirik.
Mange av aktivitetane har blitt avlyst i året som var, men målet for i år er å klare å gjennomføre både fylkesleir, nattvolleyballcup, trivselsagentsamling og storkurs ved å møtes under normale omstende.
─ På årsmøtet vart det valt ein nytt styre som består av ein fin miks av medlemmar og klubbrådgjevarar frå alle kantar av regionen.» seier Eirik som legg til
─No ser eg fram til at vi forhåpentlegvis kan ha normal aktivitet igjen og møte dei fantastiske medlemmane våre. Og ikkje minst, følgje med arbeidet til leirkomiteen for Landsleir 2022 på Breim.»
Fylkesstyre for året 2021
Leiar: Eirik Hortemo Vikøren (33), SOFA, Sogndal
Styremedlem: Camilla Nesheim (36), Troda 4H, Stad
Styremedlem: Isak Nordgulen (18), Blåklokka 4H, Sunnfjord
Styremedlem: Kristin Eineteig (19), SOFA, Sogndal
Styremedlem: Mathilde Tjønneland (19) , SOFA ,Sunnfjord
1 vara: Ingvill Årseth (16), Blåklokka 4H, Sunnfjord
2 vara: Hilde Berit Hylland (40), Nausta 4H, Sunnfjord
3 vara: Mariann Kvalheim Thorsnes (32), Fjordljos 4H, Sogndal