Viviann Midtbø er ny leiar i Stad SV

Viviann Midtbø frå Bryggja vart på årsmøtet vald som ny leiar i Stad SV. Viviann er rektor ved Skavøypoll Skule, og har tidlegare vore kommunestyrerepresentant for SV i Vågsøy kommune.

Årsmøtet i Stad SV valde Viviann Midtbø frå Bryggja som ny leiar i partiet 

Nyhende

I ein uttale frå årsmøtet i partiet, som vart halde 17. februar, heiter det at Stad SV skal vere ein pådrivar for ein ansvarleg økonomisk politikk, og ta dei økonomiske utfordringane til kommunen på alvor.