Pilotprosjekt i Stad kommune

Vil bli «Inn på tunet» gard

Stad kommune er ein av to pilotkommunar i Vestland i høve til «Inn på tunet». Eventyrstallen på Stårheim arbeider no for å bli «Inn på tunet»-gard.

Ann–Maria Nydal ved Eventyrstallen på Høynes, Stårheim, vil gje eit tilbod til grupper som treng meir innhald og meining i kvardagen sin. Dei vil no søkje om å bli ein «Inn på tunet»–gard, og håpar å kome med i Stad kommune sitt pilotprosjekt i høve til grupper som rus, psykiatri og arbeidstrening. Stad kommune er ein av to pilotkommuner i Vestland i høve til å utvikle «Inn på tunet» vidare, og få fleire kommunar til å nytte konseptet der ein kan hjelpe sårbare grupper i samfunnet.   Foto: Arkiv

Nyhende

På slutten av 2020 peika Statsforvaltaren Vestland ut Stad kommune og Bømlo kommune til å vere pilotkommunar i høve til løft 2 for «Inn på tunet».