– I dag er det ei utfordring for fleire kommunar i Nordfjord å få tak i nok sjukepleiarar, seier Barbro Longva, kommunalsjef i helse og omsorg i Stad kommune.
– At vi har denne utdanninga lokalt i Nordfjord er viktig for dei som har jobba innan helse, er etablerte, men som ikkje ser for seg å flytte på seg for å ta studiar, fortel Longva.
Desentralisert sjukepleie gjennom Høgskulen på Vestlandet er eit studietilbod for tilsette i helseføretak som ønsker å utdanne seg til sjukepleiar. Utdanninga fører til graden Bachelor i sjukepleie og autorisasjon som sjukepleiar.