Skal bygge smarthus ved Eid vgs.

Det er planar om å bygge eit lite smarthus ved Eid vgs.

SMARTHUS: Plasseringa er tenkt nedanfor den vidaregåande skulen. Skjermdump frå digitalt frukostmøte. Teikning: Stadsutviklaren 

Nyhende

Dette skal vere eit «levande bygg» med ny teknolog og «grøne» løysingar, mellom anna med bruk av ulike energikjelder. Stadsutviklaren har laga ulike forslag av spennande byggverk, som skal fungere som eit visingshus, «ei leikegrind» som skal kunne brukast til opplæring.