Byggfag og studiefag kombinert med skiskyting

Midt i blinken for mange

Vil du ta byggfag eller studiespesialisering?På landslinja skiskyting ved Stryn vidaregåande skule treng du ikkje legge skikarrieren på hylla.

TRENING P ÅSKULEN: Unge skiskyttarar som vil satse på idretten får også med seg opplæring innan studiespesialiseringsfag eller byggfag i Stryn. Frå venstre: Gunn Kristi Tvinnereim frå Randabygda, Ask Haughovd frå Haugen/Eid, Oselie Henden frå Eid og Bendik Vereide frå Eid. 

Nyhende

Ønskjer du ei utdanning innan yrkesfag eller studiespesialisering, og samstundes satse vidare på skiskyting? Då kan landslinja for skiskyting ved Stryn vidaregåande skule vere noko for deg. Her kan ein velje mellom programfaga byggfag, realfag eller samfunnsfag/språk, og samstundes få opp mot ti timar i veka med trening innan skiskyting.