Meiningsfullt å byggje for framtida

Når du byggjer eit hus kan du sjå på det i mange år etterpå og tenkje at dette har eg gjort.

HANDFAST ARBEID: Elevane ved Vg 1 Bygg og anleggsteknikk trivst med praktiske arbeidsoppgåver. 

Nyhende

– Det eg likar best ved tømrarfaget er å byggje noko som blir ståande for framtida. Då kan eg sjå på det og tenkje at dette har eg fullført, seier Stian Sætren. Han er elev ved Vg 1 Bygg og anleggsteknikk ved Måløy vidaregåande. Planen vidare er å bli ingeniør ved å først ta eit mattekurs etter Vg2 Byggteknikk i Måløy.

–Eg trur heilt sikkert det er lurt å ta yrkesvegen fram mot å bli ingeniør, seier Stian som tre dagar i veka er utplassert i bedrift der han får den praktiske biten av utdanninga. Dei andre to vekedagane er det allmennfag ved skulen. Av dei elleve elevane er det heile sju som er utplassert i bedrift, medan dei andre byggjer garasje til ein privatperson i Holvik. Ein garasje som no held på å bli ferdig.