Yrkessjåfør er både ansvar og fridom

Jenter som vil ut på vegen

Dei har bestemt seg for lenge sidan. Å vere yrkessjåfør og jobbe innan transport er det einaste dei kan tenkje seg.

STORTRIVST MED STORE BILAR: For desse tre jentene ved Stryn vidaregåande skule har yrkesvalet eigentleg vore ganske enkelt. Eit liv bak rattet er noko dei har drøymt om lenge, og om eit par år skal dette bli røyndom for Renate Lien Ohrvik (t.v.) og Natalie Frøysa (t.h.). Medan Nina Tonning også vil utdanne seg for å arbeide med logistikk i høve til transport på vegen.   Foto: Inger Træen

Vi gler oss til å få sertifikatet og kome oss ut på vegen

Nyhende

Eigentleg var vel valet enkelt for dei tre jentene som er ein del av gjengen på fjorten, Vg2 Transport og logistikk ved Stryn vidaregåande skule.