Avskilta to bilar i natt

 ‒ Vi avskilta to bilar i Stryn i natt på grunn av defekte eller manipulerte fjørsystem. Det opplyser innsatsleiar for politiet i Nordfjord, Kurt Hammerø til Fjordabladet.  

Politiet i Nordfjord har i helga motteke ein del klager på støy frå bilkøyring i indre Nordfjord. To bilar er blitt avskilta. Illustrasjonsfoto Anna Wuttudal 

Nyhende

Hammerø forklarer at øydelagde fjørsystem inneber at bilen ikkje er i forsvarleg stand. Bilen oppfører seg ikkje slik den skal, og det er lett å miste kontrollen.