Musikk, dans og drama på Firda vgs.

Utviklar kreativitet og evne til formidling

For nokre elevar er året på dans, musikk eller drama på Firda vgs. eit trinn på stigen oppover til eit kreativt yrke som leveveg. For andre er det eit år der du kan dyrke hobbyen din samstundes som du får generell studiekompetanse.

GODE LOKALE: På Firda vgs. er det gode øvingslokale, mellom anna er her eit eige dansestudio.   Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

– Det var eit vanskeleg val. Det stod mellom studiespesialiserande på Eid og her. Du får studiekompetanse her også, og så kan du gjere noko kjekt i tillegg, i staden for å sitje med nasen i ei bok heile tida. Det seier Sara frå Eid, som har drive med dans og drill heilt frå tidleg skulealder.