Nasjonale koronatiltak blir vidareførte – nokre lettingar for barn og unge

Det blir ingen store koronalettingar nasjonalt før tidlegast i midten av mars. Men det blir opna varsamt opp innan idrett for barn og unge

Statsminister Erna Solberg (H) forlengde i all hovudsak koronatiltaka, men innfører enkelte lettingar for barn og unge. Foto: Berit Roald / NTB / NPK 

Nyhende

Statsminister Erna Solberg (H) trekte i innleiinga si på koronapressekonferansen fredag ettermiddag fram at mange ulike grupper ønskjer lette i tiltaka for nettopp dei, men at summen av desse ønska vil resultere i auka smitte.