Og dei finst absolutt. Det er jamnast i midtre delar av kommunen vi finn dei fyrste vårteikna, i Lefdalsneset og Åsneset. No er marka der ned mot sjøen snøberr, og snøklokkene, det absolutt første vårteiknet er i blom på lune plassar. Påskeliljene stikk og eit par tommar over bakken, så ting er i rute. No ventar vi berre på vårlyngen, hestehoven og i påsketider kusymra.
Også påskeliljene er på god veg opp. Foto: Per Ole Lefdalsnes
Snøberr mark på Lefdal Foto: Per Ole Lefdalsnes
Tjelden skulle heller ikkje vere langt borte, og om ikkje altfor lenge kan ein sjå linerla trippande i tunet. Så kjem dei andre sommargjestane i tur og orden. Så det er mykje å glede seg til.
Vinteren viste seg på god gamaldags vis i år, med sprengkulde og uvanleg mykje snø ein periode, særleg i midtre og ytre delar av kommunen. Ein må tilbake eit tiår for å finne ein liknande vinterperiode.
Men innover i kommunen ligg snøen ennå på markene, og på Nordfjordeid er det ennå rikeleg med snø. I Myklebuståsen vil det nok ennå gå ei tid før enn kan sjå snøklokker og vårlyng.
På Nordfjordeid ligg det framleis godt med snø. Foto: Per Ole Lefdalsnes