Frivillig skogvern for Kudalen i Stad

Grunneigar Håkon Hunvik speidar utover felleseiget som no er tilbudt til vern aust for Hunvika. Området har verneverdige kvalitetar mellom anna med mykje død ved, gamal skog og delvis høgare bonitetar.   Foto: Statsforvaltaren i Vestland/Maria Knagenhjelm.

Nyhende

Statsforvaltaren gjer framlegg om vern av Kudalen naturreservat. Området ligg i eit felleseige aust for Hunvika i Stad kommune. Saka ligg no ute på høyring med uttalefrist 25. april.