Det vart fiska 42.420 kg laks i Vestland i 2020

I sesongen 2020 vart det fiska totalt 42.420 kg laks og 7.364 kg sjøaure i Vestland. Av dette vart 6.129 kg tatt i sjølaksefisket i Sogn og Fjordane.

Illustrasjonsfoto: Eidselva 

Nyhende

Statsforvaltaren i Vestland opplyser om at 75 % av all laks fiska i Vestland i 2020, vart fiska i Sogn og Fjordane (8.025 stk fiska i elv og sjø). Til samanlikning vart det fiska 2750 laks i Hordaland. Det er ikkje opna for sjølaksefiske i Hordaland.