Varsel om fare for snøskred, sørpeskred og flaum

NVE har sendt ut varsel om sørpeskredfare, gult nivå for deler av Vestlandet i morgon, laurdag. Kart frå varsom.no 

Nyhende

NVE har sendt ut eit nytt varsel om stor snøskredfare, faregrad 4, for laurdag 20.februar for regionane Voss, Hardanger, Indre Sogn og Indre Fjordane.

Beredskapsseksjonen hjå Statsforvaltaren vidaresende tidlegare i veka eit varsel om stor snøskredfare for torsdag 18.februar. Etter at snøforholda stabiliserte seg litt fredag, så vert det igjen meldt om omfattande ustabile forhold og stor snøskredfare, faregrad 4, til laurdag 20.februar.

Sørpeskred og flaum

Det er også sendt ut varsel om sørpeskredfare og flaum på gult nivå for delar av Vestlandet.

Fare for utløysing av sørpeskred gjeld særleg i område med meir enn 50 cm snø. Sørpeskred kan bli utløyst i relativt slake hellingar der vatn vert samla opp. Det er venta opp 40 til 50 mm nedbør laurdag, som regn under ca 1200 meter. Relativt høge temperaturar og mykje vind fører til stor snøsmelting. Det er varsom.no som melder dette.