Vakre Søholmen skal bli endå trivelegare

Søholmen på Ytre Totland er ei verkeleg naturperle som Bryggja Utviklingslag og 4H gjennom mange år har jobba med å gjere meir brukarvenleg.

LEIAR DUGNADSGJENGEN: Leiar i Bryggja Utviklingslag, Øystein Hessevik, har gjort ein stor innsats på Søholmen gjennom mange år. Foto: Per Ole Lefdalsnes (POL) 

Bryggja er i den heldige situasjon at dei er den einaste bygda i Nordfjord som har eigen skjergard

Nyhende

Sist laurdag var 10–12 dugnadsfolk i full sving i kamp mot attgroinga på Søholmen. Busker og kratt blei fjerna av folk som verkeleg kunne bruke motorsaga. Andre samla saman buskene og brende dei på bålet. Dei som brukte motorsag hadde alle kurs, som utviklingslaget hadde fått i stand. Formann i utviklingslaget, Øystein Hessevik, var svært nøgd med arbeidet som blei gjort denne laurdagen i fint solskin og iskald austavind.