Røde Kors åtvarar mot skredfare i vinterferien

(NPK-NTB): Røde Kors forventar storinnrykk i fjellheimen i vinterferievekene. Dei åtvarar mot dei brattaste toppturane og ber alle setje seg inn i fjellvitreglane.

Vinterferien står for tur, og no åtvarar Røde Kors ved å be folk om å unngå dei brattaste toppturane.   Foto: Heiko Junge

Nyhende

Dei siste dagane har det vore betydeleg og stor snøskredfare i fleire populære fjellområde. Ustabile snøforhold gir god grunn til å vere på vakt, for skredfaren kan endre seg raskt. I fjellskråningar med over 30 grader er snøskredfaren ekstra stor, skriv Røde Kors.