Elevane om Eid vgs.

– Vi har eit godt og inkluderande skulemiljø

– Skulemiljøet på Nordfjordeid er veldig bra. I tillegg til at vi er kjekke elevar som trivst godt saman, så skuldast i aller høgste grad skulen sin måte å ta i mot elevane på.

Godt miljø: – Vi legg stor vekt på å skape eit godt miljø ved Eid vgs., seier Hilde-Kristin Grimstad Nord, som har vore miljøkoordinator ved Eid vgs. sidan 2004. Frå venstre: Line Kvalheim Sunde, minoritetsrådgjevar, maria Julia Haugstad, kantinehjelp, Vidare elevane Mari Grøndal, Aurora Sundbotten Eikeli, Mia Kristiansen, Rochelle Maathuis, Anette Eineteig og Evy Susann Skeide. Foto: Tormod Flatebø 

Nyhende

Det seier Aurora Sundbotten Eikeli, frå Leirvik i Sogn, som er i ferd med å fullføre siste året på frisørlinja ved skulen som får anerkjennande nikk frå fem andre jenter som har benka seg i foajeen for å nyte velsmakande kyllingsuppe ein onsdag i februar.