Torild Natvik, avdelingsleiar studiespesialiserande:

– Må sjå elevane

– Den viktigaste jobben vår er å førebu elevane som vel studiespesialisering best mogeleg førebudde for vidare studiar, seier Torild Natvik, avdelingsleiar for studiespesialiserande ved Eid vgs.

Studiespesialiserande: Desse elevane går Vg2 studiespesialiserande på Ed vgs. I tillegg til elevane ser du avdelingsleiar Torild Natvik (i midten framme) og norsklærar Marianne Valeberg Nes (ståande mot veggen).   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

– Eid vgs. har parallelle klassar på alle klassesteg. Det vil seie to klassar med rundt 30 elevar i kvar klasse. På første året på studiespesialiserande er det åtte obligatoriske. Når elevane gå vidare til andre og tredje året, er det høvesvis fem (Vg2) og fire (Vg3) obligatoriske fellesfag. Resten av faga, sokalla programfag, er det eleven sjølv som vel. Eid vgs. har stor breidde i programfag, seier Torild Natvik som understrekar at skulen si fremst oppgåve er å gjere elevane i stad til å studere vidare på høgskule og universitet.

God blanding

– Lærarstaben ved skulen er i dag ei god blanding av lektorar med mykje erfaring og høg kompetanse, og yngre lektorar med høg utdanning. Målet er å skape gode rammer for læring, og at elevane blir medvitne på kva dei skal jobbe med. I tillegg til å skape ein best mogeleg læringsarena, arbeider vi for å skape gode relasjonar mellom lærar og elev, og mellom elevar. Dette er kjempeviktig og grunnleggande for god læring, seier Natvik.

Vidare studiar: Torild Natvik (t.v.), avdelingsleiar på studiespesialiserande, seier at det viktigaste er å førebu elevane til vidare studiar.   Foto: Tormod Flatebø

Evner og talent

– På Vg2 og Vg3 har elevane ti ulike programfag å velje mellom. Korleis arbeider skulen for at elevane skal ta dei rette vala?

– Først og fremst skal vi, ut frå evner og talent, gjere elevane sjølve i stand til å ta dei gode vala. Lærarane våre kjenner elevane godt, og i den prosessen vil lærarane vere gode rådgjevarar. Enkelte elevar veit kva dei vil medan andre treng litt lengre tid på å bestemme seg. Det gjeld både når vi snakkar om å velje programfag, og kva den enkelte tenkjer når det gjeld vidare studiar og seinare yrkesval, seier Torild Natvik og legg til at i dagens samfunn må dei som i dag tek utdanning bu seg på at dei kanskje må skifte yrke.

– Samfunnet er i rivande utvikling på mange område, der «gamle» yrke blir heilt annleis enn det dei var for kort tid sidan. Det ser vi mange døme på kvar einaste dag.

– Studiespesialisering er ikkje ei vidareføring av teoretisk skulegang, det er ein studie for å lære og studere vidare, seier Natvik.

Draumeskulen

– Eit godt læringsmiljø, som du har vore innom, er viktig. Kav gjer Eid vgs. på dette området.

– I nokre år no har vi hatt eit program med tittelen «Draumeskulen» som er eit program utarbeidd av «Voksne for barn» der målet er å betre trivselen, bli betre kjent i klassen og på skulen, og ha ein betre skulegang. På Eid vgs. har vi elevmentorar. Det er elevar på vg2 og vg3 som bruker av si skuletid til å skape eit godt sosialt miljø i vg1-klassane. Det er to til fire elevmentorar i kvar klasse. Dei organiserer bli-kjent-leikar, har lunsjavtalar med elevar, finn på sosiale aktivitetar i friminutta og tek kontakt med elevar dersom nokon er åleine, seier Torild Natvik som legg til at programmet er ein del av arbeidet for at fleire skal gjennomføre vidaregåande skule, i tillegg til å skape eit miljø der elevane skal føle seg trygge.

Tormod Flatebø