Distriktsministeren:

– Fjernarbeid er god distriktspolitikk

Fleire har den siste tida tatt til orde for at flytting og desentralisering av statlege arbeidsplassar kan bli lettare i lys av koronapandemien. Distriktsministeren meiner fjernarbeid er god distriktspolitikk.

Fleire har den siste tida tatt til orde for at flytting og desentralisering av statlege arbeidsplassar kan bli lettare i lys av koronapandemien. Distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland meiner fjernarbeid er god distriktspolitikk.. Her saman med Stad-ordførar Alfred Bjørlo i samband med at Stad kommune fekk fire millionar til etablering av Statens hus på Nordfjordeid.   Foto: Pressefoto

Nyhende

– Erfaringane det siste året med mange på heimekontor, viser at fjernarbeid er meir realistisk enn vi kunne trudd for berre få år tilbake. Eg er opptatt av at stadsuavhengige oppgåver kan bli utført utanfor Oslo og sentrale kommunar i Oslo-området, opplyser distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland i ein e-post til Nynorsk pressekontor.