Ønskjer innspel til lokal transportplan

– Vi ønskjer at innbyggarane i Stad skal kome med innspel til kommunen sin lokale transportplan.

Lokal transportplan: Mirjam Kreisel, samfunnsplanleggar i Stad kommune, inviterer innbyggarane til å kome innspel til kommunen sin lokale transportplan. – Det kan handle om trafikktrygging, gang- og sykkelvegar, lys på vegane og kollektivtilbod og ikkje minst miljø, seier ho. Foto: Tormod Flatebø 

Nyhende

Det seier samfunnsplanleggar i Stad kommune, Mirjam Kreisel, som understrekar at planen skal vere eit politisk styringsdokument som skal sikre ein føreseieleg og heilskapleg samferdslepolitikk i kommunen.

Heilskap

– Gjennom planarbeidet, som vi no er i full gang med, skal vi skaffe oss eit heilskapleg biletet over alle faktorar som er knytt til transport i kommunen. Det handlar om veg- og trafikktryggleik, sjøtransport, kollektivtransport, klimavennleg mobilitet og næringslivet sine behov, seier samfunnsplanleggaren som legg til at kommunen har gjennomført ei spørjeundersøking om reisevanane til innbyggarar i Stad kommune.

– Formålet med undersøkinga var å kartlegge reisevanane til innbyggarane i Stad.

Fokus på trafikktryggleik

– Trafikktryggleik er sentralt i ein lokal transportplan, og i det arbeidet ønskjer vi innspel frå innbyggarane i kommunen. I den samanheng er det viktig at alle som har ting dei meiner er viktige får seie si meining, seier Kreisel som allereie har ein del innspel rundt trafikktryggleik, som er kome frå innbyggarar, skular, barnehagar og offentlege verksemder.

– Ut over dette har vi vidareført saker frå tidlegare veg- og trafikktryggingsplanar.

Tett dialog

Samfunnsplanleggar understrekar at kommunen har ansvar for vedlikehald av det kommunale vegnettet, fortau, gang- og sykkelvegar, veglys og rekkverk med meir.

– Ein del av innspela som ligg som vi har fått handlar om trafikktrygging langs fylkesvegar og/eller riksvegar. Vi er i tett dialog med Vestland fylkeskommune og Statens vegvesen for å vurdere tiltak og motivere til investeringar for å sikre ein trygg og klimavennleg transport, seier Mirjam Kreisel understrekar at innspel frå innbyggarane er viktig for å få eit breiast mogleg grunnlag for trafikktryggingsarbeidet

– Er det noko folk oppfattar som trafikkfarleg, er i dårleg tilstand eller andre manglar, så er det viktig å seie frå om dette, slik at vi får best mogleg kunnskapsgrunnlag, seier Kreisel som legg til at fristen for å kome med innspel er sett til 28. februar.

Høyring

– Når planutkastet er klart vil planen bli lagt ut på høyring før den blir politisk handsama, og endeleg vedteken, seier Mirjam Kreisel som avslutningsvis legg til at det kan vere fornuftig å sjå gjennom dei innspel som allereie har kome inn.

– Desse ligg på Stad kommune si nettside.

Tormod Flatebø