Topp 30 i Lerøy Cup senior

Johan-Olav Smørdal Botn stilte på start under to Lerøy Cup renn i helga.

Johan-Olav Smørdal Botn, nummer to frå høgre, gjekk inn til topp 30 under Lerøy Cup senior i helga.   Foto: Olin Maria Yri

Nyhende

I helga gjekk Lerøy Cup 5 senior av stabelen på Fet. Det var Fet Skiklubb som tok over Lerøy rennet på kort varsel. Laurdag var det klart for kort normal for både kvinner og menn. Johan-Olav Smørdal Botn (Stårheim IL/Team Hugaas) var einaste lokale skiskyttar som stod på start. Under kort normal laurdag vart Smørdal Botn nummer 28 då han kom i mål på 41:31.6. Skiskyttaren frå Stårheim var 3:38.0 bak vinnaren Harald Øygard (Skrautvål IL/Team Maxim) som skaut fire fulle hus og kom i mål på 37:43,6, Smørdal Botn skaut ein bom på første skyting, ein bom på andre og to bom på begge dei to siste skytingane. Totalt seks bom vart det laurdag.