Ingen nye positive prøver

Så langt denne veka har prøvene som Helse Førde har analysert vore negative tre av fire dagar.

Torsdag analyserte Helse Førde 218 prøver og alle var negative.   Foto: Akriv

Nyhende

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal fredag morgon vart det ingen positive prøver torsdag. Helse Førde analyserte då 218 prøver. Dette er andre dag på rad at Helse Førde har berre analysert negative prøver, og tredje dag totalt denne veka.