Fem nye positive prøver

Tysdag var det fem nye positive prøver etter at Helse Førde analyserte 401 prøver. Ifølgje Helse Førde er det no også ein pasient med stadfesta covid-19 smitte innlagd på sjukehus i Helse Førde.

Så langt denne veka har fem av prøvene vore positive. Desse vart alle analysert tysdag.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal onsdag morgon var det fem positive prøver tysdag. Helse Førde analyserte då 401 prøver. Dei fem positive prøvene skal vere tatt i Sogndal. Kommunen for prøvetaking er ikkje alltid den kommunen som pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.