Lesarinnlegg

Høgskulen på Vestlandet og profesjonsuniversitet

Olve Grotle (H) er ordførar i Sunnfjord og listetopp for Sogn og Fjordane Høgre til haustens stortingsval.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Eit viktig mål med høgskulesektoren på 70-talet var å avlaste universiteta for den venta veksten i talet på studentar. Samstundes skulle høgskulane vere reelle alternativ til universiteta med sine meir yrkesretta og korte studietilbod. Dei første åra var kjernen i dette det toårige økonomisk-administrative studietilbodet.

Frå distriktshøgskule til samling av høgskulane på Vestlandet

Ved høgskulereforma i 1994 blei nærare 100 lærestader slått saman til 26 statlege høgskular, og i 2014 kom strukturreforma i høgskule- og universitetssektoren. Målet var å få færre og sterkare institusjonar for å styrke kvalitet i høgare utdanning og forskinga.

På Vestlandet kom ideen opp om å samle høgskulane i ein stor vestlandshøgskule. Spørsmålet hos oss blei derfor om Høgskulen i Sogn og Fjordane skulle bli med i eit vestlandssamarbeid, eit samarbeid med Høgskulen i Volda eller bli ståande åleine. Merkeleg nok blei det lite offentleg ordskifte (og interesse?) om temaet, og nesten all diskusjon blei halde innanfor veggane til høgskulen vår. Her var skepsisen til å bli ein del av ein ny vestlandshøgskule tilsynelatande stor, ikkje minst i høgskulestyret. Etter å ha blitt invitert som tilhøyrar på eit styremøte november 2014, kor konklusjonen blei at høgskulen framleis skulle stå åleine, fann eg grunn til åtvare mot dette i eit intervju i Firda. Slik eg såg det, var dette ikkje strategisk klokt. I staden burde vi heller vende blikket mot Bergen og den nye vestlandshøgskulen.

Dette blei til slutt òg resultatet, ikkje minst pga. særs klokt og involverande arbeid av styreleiar Trond Ueland. Den nye Høgskulen på Vestlandet (HVL) såg dagens lys januar 2017, og var ein fusjon mellom høgskulane i Haugesund, Stord, Bergen, Førde og Sogndal.

HVL ein suksess

Høgskulen på Vestlandet (HVL) har blitt ein suksess for nærings- og samfunnslivet i regionen vår. Den er tett på arbeidslivet og kan tilby relevante og oppdaterte utdanningar på nokre av dei viktigaste profesjonane våre innan sektorane opplæring, ingeniørfag og helse- og sosial.

Berre innan helse- og sosialutdanningane kan f.eks. HVL i dag tilby 11 bachelorprogram, 13 ulike masterprogram, og 2 doktorgradsprogram (PhD). Dette er eit av fleire resultat av høgskulefusjonen. Utan denne kunne vi framleis ha vore særs god bachelorhøgskule, men utviklinga av masterprogramma og tilboda om PhD ville vore langt vanskelegare. Ikkje minst var det for gamle Sogn og Fjordane sin del særleg viktig å sikre at vi framleis hadde den beste lærarutdanninga. Med kravet om ny 5-årig masterutdanning frå 2017, ville heile utdanningstilbodet faktisk kunne stått i fare. Og korleis gjekk det med det gamle to-årige økonomisk-administrative studietilbodet i Sogndal? Det blei i si tid omgjort til ei bachelorutdanning, før tilbodet nå har blitt utvida til ei masterutdanning i business.

Frå høgskule til universitet

Målet for reformene i 1994 og 2014 har i stor grad vore å få større
og sterkare institusjonar for å styrke kvalitet i høgare utdanning og forsking, ikkje minst utanfor dei store byane våre. Behovet for dette har ikkje blitt mindre, ikkje minst fordi arbeids- og samfunnslivet endrar seg raskare i dag enn vi sjølve klarer å ha oversikt over. Skal vi greie å gi relevant og tidsriktige utdanning, må derfor utdannings- og forskingsfeltet utvikle seg minst like hurtig.

Når HVL nå arbeider mot eit profesjonsuniversitet frå 2023, er dette eit logisk framhald og utvikling av denne tenkinga. Berre litt over 10% av dagens studentar går i dag på ein høgskule, resten er knytt til eit universitet. Grunnen er at det er få høgskular igjen. Dei aller fleste har blitt universitet.

Det kunne sjølvsagt vere freistande å «hoppe av» karusellen nå, og slå seg til ro med at vi er oss sjølve nok. Men vi kan ikkje stoppe ei utvikling som går. Universitetsstatus er viktig for alle. Det vil gjere det meir attraktivt for studentar og tilsette på alle måtar; undervisning, forsking, nye fagfelt, internasjonalisering og fagleg samarbeid over landegrensene, og ikkje minst det offentlege si interesse i å satse her.

Viktig for regionen med eit universitet?

Universitetsambisjonen til HVL handlar òg om kva rolle og posisjon institusjonen skal ha i regionen vår. Eit universitet har nemleg verdi langt utover det ein gjerne forbind med utdanning og forsking. Det vil rett og slett vere ei stor drivkraft i den regionale utviklinga, og verke positivt på tilflytting og folketalsvekst. Med eit profesjonsuniversitet frå 2023 får vi ei merkevare det er opp til oss å forvalte. Eg trur det er vanskeleg å undervurdere kva potensial som ligg i dette. Berre det å kunne snakke om tippeliga- og universitetsbygda Sogndal gir meg gode assosiasjonar!

Planane om eit universitet bør òg føre til at vi torer å tenkje dei store tankane. Våge å lufte vyar og visjonar. Det er noko av bakgrunnen for at eg har lansert etablering av ny campus i Førde sentrum, som ein måte å skape ein meir synleg og vital studentby i Sunnfjord. Kanskje vil denne tanken ikkje stå seg i ein debatt. Tida er likevel inne til å drøfte dette og alle andre sider ved universitetsplanane. Vi må i alle fall få til eit betre ordskifte enn det vi hadde i 2014.

Det vil skje mykje framover, både når det gjeld høgare utdanning og regional utvikling. Vi må få til endå meir levande campusar, sikre at regionen vår har tilgang til oppdatert kunnskap av høg kvalitet, og legge til rette for attraktive studium for dei neste generasjonane fram mot 2050. Universitetsstatus er berre eit steg på vegen.