Mista drikkevatnet for seks månadar sidan

– Dei held ikkje det dei lova

– Før anleggsarbeidet med tilkomstveg til dei framtidige vindturbinane på «Okla» starta opp, lova utbyggjar at dei skulle sikre vassforsyninga vår ved å bygge nytt vassverk. Seks månader har gått, og vi er framleis utan drikkevatn.

Brotne lovnader: – Dei sa at vassverket skulle kome på plass før arbeidet med anleggsvegen starta opp. No har det gått eit halvt år og vi, ni husstandar i Borgundvåg, står framleis utan drikkevatn, seier Knut-Jarle Beitveit som er skuffa over at utbyggjar av vindkrfatanlegget ikkje greier å halde ord. Foto: Tormod Flatebø 

Nyhende

Det seier Knut-Jarle Beitveit som bur i eitt av dei ni husa som mista drikkevatnet då anleggsarbeidet med tilkomstvegen til vindkraftanlegget starta i september i fjor.