Ingen positive prøver i Helse Førde

Ein koronasmitta i Stryn

For første dag sidan 13. januar analyserte Helse Førde berre negative prøver søndag. Stryn kommune melder derimot om nytt tilfelle om koronasmitte.

Sist veke analyserte Helse Førde 2055 prøver og 29 av desse var positive.   Foto: arkiv

Nyhende

Søndag analyserte Helse Førde 143 prøver og ingen av desse var positive. Dette kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal måndag morgon. Det er ei stund sidan sist Helse Førde analyserte berre negative prøver, og ein må tilbake til 13. januar for å finne dette.