Analyserte 90 prøver - ei er positiv

Ifølgje Helse Førde sine tal var det laurdag ei ny positiv prøve. Dette er den 29. positive prøva denne veka.

Ein ny person i Sunnfjord har fått stadfesta covid-19 smitte laurdag.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Laurdag var det ei ny positiv prøve, etter at Helse Førde analyserte 90 prøver. Dette kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal søndag morgon. Den positive prøva skal vere tatt i Sunnfjord. Denne veka har Helse Førde så langt analysert 1912 prøver og 29 av desse har vore positive. Alle desse kjem frå Sunnfjord. Ifølgje VG sine tal har Sunnfjord stigande trend og er mørke raudt på kartet.