Travel natt for politiet

Vest politidistrikt melder om ei jamn travel vakt natt til laurdag.

Natt til laurdag har vore ei travel natt for Vest politidistrikt, med både private festar og nokre fekk også rettleiing på smittevern.  Foto: Arkiv

Nyhende

Natt til laurdag har vore ei travel natt ifølgje Vest politidistrikt. Det skal vere loggført 17 oppdrag som går på forstyrringar av nattero på private adresser. Politiet skal ha rykt ut til ti av desse oppdraga. Dei vart løyste med munnlege pålegg om å avslutte festen, samt rettleiing når det gjeld smittevern på nokre av stadane.