Dette er status i Helse Førde no

Fredag er det framleis 54 tilsette i Helse Førde som er i karantene grunna smittesituasjonen i Sunnfjord. Tre innlagde pasientar er også i karantene, utan stadfesta covid-19 smitte.

HELSE FØRDE: 54 tilsette i Helse Førde er i karantene, i tillegg til tre innlagde pasientar.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Ifølgje Helse Førde er smitte og karantenesituasjonen nesten uendra sidan torsdag. Det er ein tilsett som har stadfesta covid-19 smitte og tre praksisstudentar med stadfesta covid-19 smitte. Desse fire er i isolasjon.